Velkomen til jakt og fiske i Breim

Breimsbygda ligg midt i hjartet av vestlandet, i Nordfjord, midt mellom Ålesund og Bergen. Her finn du garantert flotte natur- og fiskeopplevingar. Med kort veg til Loen, Geiranger, Stadt er Breim eit perfekt utgangspunkt for å utforske området og alt det har å by på. Denne nettsida er utarbeid av Breim Vilt- og Fiskelag.


Bli med på kurs laurdag 28. mai 2022!

MATHIAS LILLEHEIM og Breim Vilt- og fiskelag inviterer til kurs i fluefiske DER VI KOMBINERER FLUEKASTING OG FLUEFISKE. Stad: BERGHEIMSVATNET ved Byrkjelo.

Dette er eit kombinert kurs for dei som ønsker å lære seg å kaste med fluestang og å fiske ørret med flue! Sjølve kurset går over 5-6 timar og passar like godt for ein nybyrjar som for den erfarne fiskar! 


Fiskekort

For å fiske i Breimsvassdraget må du løyse fiskekort. Dette gjer du ved å kjøpe årskort, vekeskort eller dagskort for sone 1.

Du får kjøpt dette på følgande utsalsstader:

  • BEST Byrkjelo (1)
  • Byrkjelo Camping (2)
  • Reed Camping (7)
  • Gåsemyr Camping (5)
  • Coop Marked Reed (6)
  • Coop PRIX Byrkjelo / Byggtorget (3)
  • Sandal Gardsturisme (4)

Alle markert med gul runding på kartet.