Breimsvatnet

Breimsvatnet har som eitt av få vatn i Sogn og Fjordane ein dokumentert bestand av storørret som beitar på røye. Ei stor utfisking av røye på 1990-talet  betra kvaliteten og storleiken både på røya og auren. Så her er det fullt mogleg å få storauren på kroken…

Rekordfisk på 12,5 teken i Breimsvatnet i 1984. Ragnar Kandal ilag med barnebarnet sitt Steinar.
Peder Seime fekk dette prakteksemplarer på kroken på dorgetur på Breimsvatnet i september 2020.
Magemål 57cm. Spor 25cm. Lengde 83.5 cm. Vekt 9750 gram. K-faktor: 1.67

Fakta om Breimsvatnet:

  • Areal (km²) 22.517
  • M.o.h: 61
  • Fiskekort: Sone 1 – Breim
  • Anslått fiskeproduksjon 11258.5 kg/år  

Fisketips:

  • Frå land bør ein oppsøke stader kor elvar renn inn i vatnet, f.eks ved Reed Camping
  • Disponerer ein båt kan ein med fordel prøve seg på djupet med rigg for djupvassfiske