Breimsvatnet
Breimsvatnet har som eitt av få vatn i Sogn og Fjordane ein dokumentert bestand av storørret som beitar på røye. Ei stor utfisking av røye på 1990-talet betra kvaliteten og storleiken både på røya og auren. Så her er det fullt mogleg å få storauren på kroken…
Fakta om Breimsvatnet:
- Areal (km²) 22.517
- M.o.h: 61
- Fiskekort: Sone 1 – Breim
- Anslått fiskeproduksjon 11258.5 kg/år
Fisketips:
- Frå land bør ein oppsøke stader kor elvar renn inn i vatnet, f.eks ved Reed Camping
- Disponerer ein båt kan ein med fordel prøve seg på djupet med rigg for djupvassfiske